OM OSS

Regndans er ein musikkfestival som haldast på fjellgarden Kvitingen i Samnanger Kommune ein times kjøretur aust for Bergen.

Festivalen drives av Tone Tysseland Holmefjord, Per-Johnny Tysseland og Petter Dalane som alle har sitt opphav frå garden.

Festivalen har som mål å skape eit godt kulturtilbod i kommunen, og presentere musikk av høg kvalitet med ein jamn fordeling mellom folkemusikk, jazz og pop/rock. Festivalen vart arrangert for fyrste gong i 2024, med over 100 tilreisande gjester!

  • Petter Dalane

    MUSIKAR

    Petter er utdanna jazzmusiker, og busett i Oslo der han jobber som freelancer.

    Les meir på hans heimeside, www.petterdalane.com

  • Tone Tysseland Holmefjord

    STYRELEIAR

    Tone er har alltid vore engasjert i kulturlivet i Samnanger, mellom anna som mangeårig styreleier i Ungdomslaget

  • Per-Johnny Tysseland

    GÅRDSEIER

    Per-Johnny har bestandig vore mykje i Kvitingen, og i 2019 overtok slektsgarden

Ein smeltedigel høgt til fjells

Kvitingen er ein fjellgard i Samnanger Kommune, 400 m.o.h. som har våre bebudd sidan 1500-talet.

I gamal tid var det eit yrande liv i fjellet, og frå starten av 1900-talet vaks det fram eit heilt industrisamfunn i forbindelse med utbygging av vasskrafta.

Inspirert av smeltedigelen av lokale og tilreisande kreftar som ein gong rådde her, bestemde me oss i 2023 om å starte musikkfestival, og ga han det passande navnet Regndans, sia staden ofte tar nedbørsrekord!

spelemann frå samnanger

I gamal tid var det fleire framifrå felemakare og spelemenn frå Samnanger. Lars Sævild (1896-1959),var ein av dei. Les meir på Samnanger Historielags nettsider, her!